World Lupus Day 10. mai 2023

Det er viktig å komme raskt i gang med behandling. I artikkelen får du tips om gode kjelder for utgreiing, diagnostikk og behandling.

World Lupus Day 10. mai 2023
Lupus kan gje utslett. Foto: Colourbox.
Åse Sofie Skjerdal og Anne Hilde Røsvik
Publisert 10. mai 2023

Forfattarar: Åse Sofie Skjerdal, Cand. Pharm og Anne Hilde Røsvik, Cand. scient fysiologi

Norsk Revmatikerforbund skriv at omlag 2500 personar her i landet lever med systemisk lupus erytematosus (SLE). Sjukdommen er mykje vanlegare hos kvinner enn hos menn.

Lupus kan ikkje kurerast, men det er viktig å komme raskt i gang med behandling. Sjukdommen kan ramme alle organ i kroppen og symptom kan til dømes vere muskel- og leddverk, utslett, feber, sår i munnhola og nyrebetennelse.

Helsebiblioteket har gode kjelder for utgreiing, diagnostikk og behandling.

Her fylgjer nokon av dei viktigaste:

BMJ Best Practice inneheld omfattande informasjon om Systemic lupus erythematosus. Alt innhald er tilgjengeleg på portugisisk, spansk og russisk i tillegg til engelsk. I kapittelet Investigations finn du til dømes oversikt over aktuelle forprøver og analysar.

Treatment algorithm kapittelet inneheld fyrsteval for ei rekke av organsjukdommane som kan oppstå ved lupus, samt alle tillegg som ein kan vurdere ved:

  • joint symptoms and serositis
  • mucocutaneous disease
  • lupus nephritis
  • neuropsychiatric lupus
  • haematological manifestations
Lupus symptomer og utslag.jpg
Symptom ved Lupus. Foto: Colourbox

 

UpToDate har gjort litteratursøk og oppdatert innhaldet den 12. april 2023. 

I Overview of the management and prognosis of systemic lupus erythematosus in adults kan du finne lenker vidare til ei lang rekke kapittel som

Norsk legemiddelhandbok har innhald under kapittelet om hudsjukdommar Lupus_erythematosus og Systemisk lupus erythematosus (SLE) i hovudkapittelet «Betennelsesaktige, revmatiske sykdommer».