Andelen barn med autisme aukar i Noreg, og det er store fylkesvise forskjellar (FHI)
På landsbasis har 7 av 1000 barn diagnosen autisme, men det er store skilnader mellom gutar og jenter og mellom fylka. Dette viser oppdaterte tal frå Autismestudien i den Den norske mor, far og barn-undersøkinga (MoBa).
Autismespekterforstyrringar har tre kjernesymptom: Vedvarande svikt i sosial fungering, vedvarande svikt i kommunikasjon og repetitiv, innskrenka og stereotyp åtferd. I teksten nedanfor bruker vi kortforma autisme i staden for autismespekterforstyrringar.
Flest i Rogaland
Autismestudien er ein delstudie i Mor, far og barn-undersøkinga som skal gi meir kunnskap om utvikling og årsakar til autisme. Resultata viser at: Landsgjennomsnittet viser at 7 av 1000 barn (0,7 prosent) har autisme. Fylkestala varierer frå 3 av 1000 (0,3 prosent) barn i Hedmark til 10 av 1000 (1 prosent) i Rogaland. Hedmark, Aust-Agder, Vest-Agder og Nordland låg under landsgjennomsnittet. Møre og Romsdal og Rogaland låg over landsgjennomsnittet (sjå figur 1). Andelen barn med autismespekterforstyrringar ved åtte års alder, fordelt på fylke. Vertikal linje er landsgjennomsnittet. .
– I fylka med låge tal for autisme kan det sjå ut til at mange med tilstanden ikkje blir oppdaga av helsevesenet eller får diagnosen seint, særleg blant jenter, seier hovudforfattaren av studien, Pål Surén.
Les meir: Andelen barn med autisme aukar i Noreg, og det er store fylkesvise forskjellar (FHI)
Artikkelen har tidligere vært publisert i nyhetsbloggen PsykNytt.
Les mer om utviklingsforstyrrelser, eller gå til siste nummer av PsykNytt.