Born som blir flytta ut av heimen: Ny retningslinje for tverrfagleg helsekartlegging (Helsedirektoratet)
Ny retningslinje for tverrfagleg helsekartlegging (THK) skal bidra til å sikre helsehjelp til born som blir flytta ut av heimen. Retningslinja skal også bidra til eit likeverdig tilbod i heile landet, og er utarbeidd i eit samarbeid mellom Helsedirektoratet og Bufdir.
Den gir tilrådingar om organisering av team som gjennomfører tverrfagleg helsekartlegging, kva kompetanse som er nødvendig for å gjennomføra kartlegginga og om innhaldet i kartlegginga.
Retningslinje for tverrfaglig helsekartlegging
Målet med retningslinja
Tidlegare i år vart nye faglege råd for Bufetat lansert. Råda skal støtte Bufetat når dei gjer vurderingar av kva born og unge som skal prioriterast til tverrfagleg helsekartlegging.
– Kvart år blir omtrent 1 500 born flytta ut av heimen til ein institusjon eller fosterfamilie. Det er desse borna helsekartlegginga er laga for. Me veit gjennom ulike rapportar at born i barnevernet har fleire helseutfordringar enn andre born.
– Målet er at helsekartlegginga skal bidra til meir stabilitet rundt borna, gjennom å leggje til rette for meir treffsikker helsehjelp og oppfølging. Den nye retningslinja vil bidra til både god organisering, kompetanse og kvalitet i kartlegginga, seier Torunn Janbu, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.
Målgruppe
Målgruppen for retningslinja er tenestene som har ei rolle i tilbodet tverrfagleg helsekartlegging.
- Leiarar og tilsette i kommunal barnevernteneste
- Bufetat
- Kommunale helse- og omsorgstenester
- Fylkeskommunal tannhelseteneste
- Spesialisthelsetenesta.
Retningslinja vil også kunna vere av interesse for born og unge som kan få tverrfagleg helsekartlegging og foreldra deira eller annan omsorgsperson som blir ramma av tilrådingane frå kartleggingane.
Video om tverrfaglig helsekartlegging.
Kilde: Ny retningslinje for tverrfagleg helsekartlegging (Helsedirektoratet)