Nye demensverktøy skal styrke utgreiing og hjelp til pårørande (Helsedirektoratet)
I overkant av 100.000 personar har demens i Noreg, men berre vel halvparten av desse har ein registrert diagnose. No blir fleire nye verktøy lanserte, som mellom anna skal bidra til betre utgreiing og diagnostisering av personar med demens.
Demensplan 2025 er femårsplanen til regjeringa for å forbetre tenestetilbodet til personar med demens og pårørande deira. Planen skal bidra til eit meir demensvennleg samfunn og betre tenester. Utgreiing av demens er nødvendig for å utelukke andre sjukdommar og sikre tilrettelagde tilbod og tenester for personar med demens.
– Vi veit at det er eit stort forbetringspotensial knytt til utgreiing og diagnostisering av demens. Å få på plass nye og gode verktøy er viktig for å gi personar med demens og pårørande deira dei tenestene som dei har krav på, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Les hele saken og finn verktøy: Nye demensverktøy skal styrke utgreiing og hjelp til pårørande (Helsedirektoratet)