Pårørandeavtalar skal styrke samarbeidet mellom helsepersonell og pårørande (Helsedirektoratet)
Nå blir pårørandeavtalar lanserte – eit verktøy for betre samarbeid mellom pårørande og helsepersonell.
Mange pårørande står i svært krevande omsorgsoppgåver over tid. Dei er ein viktig ressurs, både for sine næraste og for samfunnet.- Fleire av pårørandeundersøkingane vi har, viser at det er behov for eit betre samarbeid mellom pårørande og helse- og omsorgstenestene. Mange pårørande yter mykje for sine i det stille. Vi håpar at ved å synleggjere innsatsen gjennom dette verktøyet, kan vi få fram både det pårørande og det helsetenestenes bidreg med. Difor blir nå pårørandeavtalar lanserte og dei skal vere ei hjelp for betre samarbeid, seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp i Helsedirektoratet, og held fram:- Det skal bidra til auka medverknad, betre informasjon og meir føreseielegheit for pårørande med særleg tyngande omsorgsoppgåver. På den måten bygger vi eit lag rundt pasienten slik at både pasient og pårørande er godt ivareteke, utan at avtalen er juridisk bindande. Den skal vere klargjerande.
Les heile saka: Pårørandeavtalar skal styrke samarbeidet mellom helsepersonell og pårørande ( Helsedirektoratet)