Variasjonar i psykisk helsevern – status og forklaringsfaktorar (Tidsskrift for Norsk psykologforening)
Ruslidingar og psykiske lidingar representerer eit betydeleg helsetap i den norske befolkninga, spesielt for dei under 50 år (Reneflot et al., 2018, s. 49). Angst og depresjon bidreg også til langvarig sjukefråvær for den arbeidande delen av befolkninga (Knudsen et al., 2013), og når det gjeld den samla sjukdomsbyrda i befolkninga, ligg desse på høvesvis sjette og femte plass med omsyn til helsetap (global burden of disease) (Folkehelseinstituttet, 2019).
Hans Johan Breidablik, Eivind Meland, Emma Helene Bjørnsen, Oddne Skrede
Det finst nokre studiar av førekomst av psykisk sjukdom i Noreg, men ingen som er nasjonalt representative (Reneflot et al., 2018, s. 24, 66). Studiar viser variasjon i bruk av helsetenester både i norsk kontekst (Balteskard et al., 2015; Breidablik & Meland, 2018) og internasjonalt (t.d. Corallo et al., 2014), samt innanfor psykisk helse spesifikt (Surén et al., 2013). Noko av variasjonen kan vere berettiga grunna ulik førekomst. I småkommunar vil den tilfeldige variasjonen vere større enn i store kommunar. Samtidig finst det variasjon i bruk av helsetenester som ikkje kan grunngjevast ut frå større behov eller tilfeldig variasjon, og slik variasjon vert rekna som uønskt (Bale et al., 2020, s. 11–13). Reduksjon av uønskt variasjon er eit sentralt mål for norsk helsepolitikk (Meld. St. 7 (2019–2020), s. 9).
Det er systematiske helseskilnader i befolkninga som følgje av sosioøkonomiske tilhøve knytt til inntekt, yrke og utdanning. Personar med låg sosioøkonomisk status har høgare risiko for psykiske lidingar og ruslidingar enn andre (Kivimãki et al., 2020; Lorant et al., 2007). I Noreg er psykiske lidingar tre til fire gonger meir utbreidd hjå barn av foreldre med låg inntekt (Kinge et al., 2021). Skilnadane viser seg også når desse barna blir vaksne (Evensen et al., 2021).
Befolkninga si helsekompetanse påverkar evna til å skaffe seg tilgang til og bruke helsetenester, og til å kommunisere med helsepersonell (Le et al., 2021, s. 33). Låg helsekompetanse er meir vanleg i grupper med kort utdanning. Psykiatriske sjukepleietenester og spesialisthelsetenester i kommunane er ulike, og organisering, tilvisingskulturar og behandlingspraksis generelt varierer også mellom kommunane (Breidablik & Meland, 2020). Bruk av diagnosar knytt til psykiske lidingar varierte sterkt mellom kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke (Breidablik & Meland, 2020).
Det har vore stor merksemd på ulikskap mellom behandlarkulturar i spesialisthelsetenesta (Corallo et al., 2014; McPherson et al., 1982). Vi har tidlegare vist at fastlegane som tilvisarar er viktige for å forstå variasjon i spesialisthelsetenesta (Breidablik & Meland, 2018). Derfor lyt vi ha fokus på samspelet mellom tilboda i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
Gjennom Samhandlingsreforma har styremakter som mål at kompetanse i primærhelsetenesta og eit forsterka tenestetilbod i kommunane skal kunne avlaste bruken av døgnplassar ved sjukehus og distriktspsykiatriske senter (St.meld. nr. 47 (2008–2009), s. 27). Ulik kunnskap om og fokus på psykiske lidingar er blitt dokumentert i allmennpraksis, og den varierer både innan og mellom land (World Health Organization and World Organization of Family Doctors, 2008, s. 32–37). I ein systematisk oversiktsartikkel finn dei at mange faktorar knytt til gjenkjenning, handtering og tilvising hemmar og fremmar korleis mentale helseproblem handterast i barne- og ungdomspsykiatrien (O’Brien et al., 2016).
Med tal frå Samhandlingsbarometeret (Samhandlingsbarometeret, u.å.) hadde vi høve til å undersøke korleis både sosiodemografiske variablar og helsetenestevariablar i kommunar påverkar bruken av spesialisthelsetenester. Vi hadde følgjande målsettingar med studien:
- Kva er variasjonen i kommunane sin bruk av spesialisthelsetenester innan psykisk helsevern og rus opp mot all bruk innan Helse Vest-området?
- Kva bakgrunnsvariablar knytt til helsetenester i kommunen, psykisk sjukelegheit og sosiodemografiske forhold kan vere assosiert med skilnadane?
Les hele saken: Variasjonar i psykisk helsevern – status og forklaringsfaktorar (Tidsskrift for Norsk psykologforening)