Helsa ikkje like god som før pandemien
Den psykiske og fysiske helsa i Vestland fylke gjekk ned under pandemien. Helsa blir framleis oppfatta som dårlegare av befolkninga enn før koronapandemien, viser ei ny undersøking frå Folkehelseinstituttet.
Publisert 30. januar 2023
|
Sist oppdatert 30. januar 2023
Den nye rapporten Koronaundersøkinga i Vestland 2021: Framgangsmåte og utvalde resultat presenterer reaksjonar og opplevingar av koronapandemien i Vestland. Rapporten dekker også eigenrapportert psykisk og fysisk helse og livskvalitet.