Verktøy og ressurser knyttet til medvirkning og deltakelse for ansatte

Publisert 12. november 2019 | Sist oppdatert 13. november 2019

Idebanken

Idebanken er ei informasjonsteneste om inkluderande arbeidsliv som deler idear og kunnskap om sjukefråvær, arbeidsmiljø, seniorpolitikk og inkludering http://www.idebanken.org/ (lest 5. november 2018)

Podkastserie fra NAV

Podkastserien IApodden set lys på utfordringar og moglegheiter for eit betre og meir inkluderande arbeidsmiljø. Typiske emne er sjukefråværsreduksjon, handtering av psykiske lidingar på arbeidsplassen, støttemiddel og moglegheiter ved rekruttering og inkludering samt ei rekkje andre tema som har med arbeidsmiljøet og arbeidslivet å gjera. http://www.idebanken.org/aktuelt/nav-vil-inspirere-deg-med-podcast (lest 5. november 2018)

Filmar om inkluderande arbeidsliv

Idebanken møter stadig verksemder som lukkast med å få eit lågare sjukefråvær og eit betre arbeidsmiljø. På denne sida finn du gode eksempel, intervju og filmar om eit inkluderande arbeidsliv. http://www.idebanken.org/inspirasjon?topic=ee7a9b36-f540-4 e2b-a233-5483df47aa8a (lest 5. november 2018)

Statens arbeidsmiljøinstitutt sitt verkty for eit godt arbeidsmiljø

Verktyet er basert på Statens arbeidsmiljøinstitutt sine tilrådde faktorar for eit godt arbeidsmiljø og handlar om: Organisering, engasjement, aksept, leiing og det å kunna sjå ting tidleg. Kvart tema startar med ein kort videosnutt. Scenane er henta frå kvardagen, og dette er situasjonar mange kan kjenna seg att i. Verktyet er å finna på Inkluderende.no sine sider.

Veikart for innovasjon av velferdsteknologi Sintef rapport 2013 – oppdrag frå KS

Målet med arbeidet til Sintef har vore å finna gode døme på erfaringar frå prosjekt som viser korleis velferdsteknologi vert drive fram i praksis, for på denne måten å bidra til å auka kunnskapen om kva moglegheiter som finst, og samtidig leggja til rette for vellukka prosessar for nye prosjekt.

Resultata byggjer på erfaringar frå seks casar, i form av prosjekteksempel i norske kommunar. Dei seks casane er valt ut frå fleire kriterium, og representerer breidde når det gjeld relevante velferdsteknologiske erfaringar. Dei seks casane er henta frå kommunane Stavanger, Randaberg, Lyngdal, Drammen, Bærum, Vågå og Nøtterøy.

 Erfaringane viser at innføring av velferdsteknologi må forankrast på fleire nivå i den kommunale organisasjonen for å kunna lukkast. Det er naudsynt å inkludera alle interessentar tidlig i prosessen, både brukarar, pårørande, kommunalt tilsette og leverandørar. Det er òg viktig å definera tydeleg kva ein ynskjer å oppnå med innføringa og sørga for at alle aktørane er innforstått med formålet. Vidare er det sentralt å skapa god kommunikasjon mellom alle aktørar både innanfor og utanfor kommunen. Det er viktig å vera bevisst på at dei ulike aktørane har ulike utgangspunkt, tradisjonar, kunnskap og kompetanse. «Veikart for velferdsteknologi» er eit hjelpemiddel for alle som jobbar med velferdsteknologi i kommunane eller er interessert i temaet. Vegkartet gjev rettleiing i korleis velferdsteknologiprosjekt kan drivast fram i praksis, og vil losa deg frå start, via utprøving og tilpassing, til bruk og ny praksis i kommunen. https://www.idebanken.org

Samveis

Mot slutten av 2013 starta Nasjonalt program for utvikling og implementering av velferdsteknologi med 32 kommunar som deltakarar. Viktige resultat frå dette programmet er publisert på nettsida samveis.no frå 2015, med eit nettbasert vegkart for tenesteinnovasjon og ein omfattande metodikk som skal setja kommunane i stand til å endra offentlege tenester for å møta behova i framtida. Programmet går gjennom fem fasar. Eitt av hovudmomenta er brei forankring slik at alle dette gjeld i kommunen får ei felles problemforståing, slik at det kan skapast ny kunnskap i lag. www.samveis.no